Gruppetrening

Me kan tilby følgjande timar på gruppetrening:

Sal

Yoga: Enkle kroppsøvingar. Bevegelsane vert utført i roleg tempo, utan anstrenging og med fokus pusteteknikk. Hensikta er å betre leddutslag og funksjon og dessutan gje kroppsleg velvære, avspenning og ro.

Styrke: Styrketrenining med frie vekter til musikk med fokus på å stimulere heile kroppen.

Puls & Styrke: Ein time for deg som ynskjer litt meir krevjande styrke og kondisjonstrening. Timen er effektiv og variert og vekslar mellom tyngre og lettare øvingar  med enkel koreografi til musikk.

Puls: Ein time mykje lik puls/styrke men med meir fokus på kondisjon. Timen er effektiv og variert og vekslar mellom tyngre og lettare øvingar med enkel koreografi til musikk.

Basistrening: Gje kroppen ei heilheitleg styrkeøkt, men ekstra fokus på mage og rygg. Timen vert leia av ein fysioterapeut.

Styrke/kondisjon: Dette er ein time med enkle styrkeøvingar for heile kroppen. Timen er bygd opp med ei veksling mellom kondisjon og styrke, der ein jobbar 30 sekundar med kvar eigenskap. Avslutningsvis vert det lagt opp til tøyging. 

Tabata: Dette er ein time som består av korte og svært intensive arbeidsperiodar, korte pausar og øvingar for heile kroppen. Oppbygginga liknar litt på intervalltrening der innsatsen er svært høg. Ein vekslar mellom 20 sek jobbing, men 10 sek pause. 

Seniortime: Ein lavterskeltime som er tilpassa for dei som nærmar seg og er komen i pensjonistalder. Det er sett fokus på eiganskapar styrke,kondisjon,balanse og bevegelegheit. Avslutningsvis vert det lagt opp til tøyging. 

Minibands styrke: Dette er en effektiv styrketime ved bruk av minibands (strikkar) og eiga kroppsvekt, som motstand. Timen passar for deg som vil ha en god og effektiv styrkeøkt for heile kroppen. Her jobber ein i intervallar på 45 sekundar, og 15 sekundar pause. Ein jobbar med to øvelsar i tre rundar, før ein går vidare til neste øving.

Sirkeltrening: Dette er en time i form av sirkeltrening med 5 stasjonar. Denne timen gir deg ei god økt for heile kroppen. Ein jobbar i intervall på 40 sekundar, og 20 sekund pause. Det vert lagt opp til 2 rundar på kvar stasjon, før ein rulerar. Det er 3 heile rundar til saman. Økta er lett å tilpasse ditt eige nivå og passar difor for alle.

Bootcamp: Dette er ein time for deg som likar å trene variert. Timen består av 5 stasjonar, der ein jobbar 6 min på kvar stasjon. Stasjonane består av tre øvingar. Økta innheld både styrke og uthald, og er ei økt ein lett kan tilpasse det nivået ein ønskjer sjølv. Det er nye øvingar for kvar time, så her er det nye utfordringar kvar gong.  

Step/puls: Uthaldstime som føregår med stepkassar. Koreografien inneber trinnkombinasjonar som vert bygd opp steg for steg.

SysPOWER: Ein time med fokus på styrke og uthald, som vert styrt av intervallar på stasjonar. Stasjonane er varierte og med gode øvelsar for heile kroppen. Timen er for deg som likar å jobbe i intervall og få ein effektiv, variert og god økt. Her får ein jobba med litt annleis øvelingar i form av styrke/utholdenheit, gjennom å bruke forskjellig utstyr og eiga kroppsvekt.

Aerobic: Ein kondisjonstime der ein bevegar seg i takt med musikken. Timen inneheld ulike trinnkombinasjonar, både enkle og litt meir utfordrande. Den er bygd på sang-for-sang prinsippet, og dermed ny koreografi for kvar sang. Timen blir avslutta med ein kort styrkedel og uttøying.

Blokk Puls: Kondisjonstime på golv. Enkle trinnkombinasjonar som vert bygd saman til koreografi. Vert avslutta med øvingar for mage/rygg.

Core: Ein time med fokus spesielt på mage/rygg.

Sykkel

Sykkel 45 min: Få pulsen i gang med ein sykkeltime på 45 minutt. Timen er bygd opp med intervallar der ein vekslar mellom tyngre og lettare periodar.

Sykkel 45 min intervall: Ein time med lengre intervallar enn sykkel 45 min.

Sykkel 60 min: Ein lengre sykkeltime på 60 minutt. Timen er bygd opp med intervallar der ein vekslar mellom tyngre og lettare periodar.