Svartelisting

For at alle medlemar skal stille på like vilkår i høve gruppetimar er det oppretta ei ordning som heiter svartelisting. Dette inneber at om vedkomande ikkje møter til booka time, vert ein ført ein merknad på medlemet. Ved tre slike tilfelle myster ein retten til å booke seg på timar via internett for ein månad.

Det er derfor viktig at du register deg på strekkodelesaren i resepsjonen når du kjem til time og DESSUTAN hugsar å hake deg av med penn på lista som er lagt ut for den aktuelle timen.

Vi håpar at alle har forståing for at vi gjer dette slik at flest mogleg skal ha sjansen til å booke seg og bli med på timane våre. Ved overbooking vert det printa ut ei liste for registrering av dei frammøtte. Dette for å oppdage evt. sniking på timane.