Personleg Trenar

Me kan tilby personleg trening (PT). Ved å nytte denne tenesta vil du få eit "skreddarsydd" treningsopplegg ut frå dine behov og tilpassingar. På denne måten vil du få kvalitetssikra treninga og i større grad klare å innfri målsettingane du måtte ha. For å få eit maksimalt utbytte er det sentralt at ein gjer seg opp ei meining om kva ein ønskjer med treninga. Dette kan t.d. vere å klare 100 kg i benkpress, delta i eit mosjonsløp eller kome seg kjappare ut av ein rehabiliteringssituasjon. Ein personleg trenar er også med på å gje ei trygg og komfortabel treningsøkt, der kunden er alltid i fokus.

"La det du gjør være fullt og helt-ikke stykkevis og delt".

Om du ønskjer info om pris, så ta kontakt med resepsjonen eller våre personlege trenarar direkte. Våre trenarar finn du til høgre på skjermen med opplysningar om epost og mobil, samt kompetanse/erfaring. 

Me tilbyr personleg trenar 1 til 1, 1 til 2 og dessutan for grupper på inntil 6 personar.

 

Prisar

HEILÅRSMEDLEM:                              IKKJE HEILÅRSMEDLEM:

PT Singel:                                                  PT Singel:

5 timar x 30 min = 1980 kr                 5 timar x 30 min = 2420 kr
10 timar x 30 min = 3575 kr               10 timar x 30 min = 4290 kr
5 timar x 60 min = 3150 kr                 5 timar x 60 min = 3960 kr
10 timar x 60 min = 5720 kr               10 timar x 60 min = 6875 kr

PT Duo:                                                    ­­­­PT Duo:

5 timar x 30 min = 2970 kr                  5 timar x 30 min = 3575 kr
10 timar x 30 min = 5335 kr                10 timar x 30 min = 6380 kr
5 timar x 60 min = 4950 kr                  5 timar x 60 min = 5940 kr
10 timar x 60 min = 11000 kr               10 timar x 60 min = 11880 kr

 

 

Våre PTar: