Kontraktvilkår

1. RETTIGHEITER OG PLIKTER SOM MEDLEM I SYSTRENING AS

SYSTRENING AS

–Vil gjennomføre adgangskontroll

–Skal tilrettelegge trening slik at det gir best mogleg utbytte for medlemmet. Medlemmet er sjølv ansvarleg for å vere helsemessig skikka til å nytte senteret.

–Skal til kvar tid halde apparat og lokaler i best mogleg stand.

–Kan med førevarsel halde stengt eller redusere/endre tilbodet og åpningstidene i samsvar med kundane sin etterspurnad i samband med ferieavvikling, heilagdagar og liknande.

–Fråskrive seg eit kvart ansvar for tap og skader på personar eller gjenstander/effektar som måtte oppstå som følgje av opphald på senteret, inkludert tap og skader på klede og personlege eigedeler, med mindre senteret har handla på uforsvarleg vis.

–Fastsette reglar som gjeld på senteret.

–Attgløymde effektar vert teke vare på i 7 dagar.

MEDLEMMET

–Må til kvar tid ta ansvar for at telefonnummer og adresser er oppdaterte i vårt register.

–Pliktar å drage adgangskort/medlemskort når ein kjem til senteret. Gløymer eit medlem medlemskortet meir enn tre gongar, må vedkomande kjøpe nytt medlemskort.

–Pliktar å opplyse om ny adresse ved flytting eller endring av namn, bankkonto m.m.

–Pliktar å informere Systrening AS ved endring av bankkontonummer, dersom ein nyttar AvtaleGiro.

–Kan ikkje overdrage sitt personlege medlemskap til ein annan person. Dette gjeld òg nøkkelbrikke. Ved brot på denne plikta vil brikke bli inndrege og i ytterste konsekvens kan medlemskapet opphøyre.

–Skal ikkje la private eigendelar ligge att i treningssenteret eller garderobeanlegg.

–Trenar på eiget ansvar i ubemanna tider. Det er difor vikteg at vedkomande føler seg helsemessig skikka til å kunne trene åleine.

–Forpliktar seg til å følgje retningslinjene og reglane som gjeld.

2. GENERELLE KONTRAKTSBESTEMMELSAR

–Kontrakten trer i kraft frå den datoen medlemmet signerer kontrakten, eller ved annan fastsett dato.

–Medlemskap betalt kontant gjeld frå innmeld dato og fram til fastsett sluttdato.

–Medlemskap med avtalegiroordning er ein løpande avtale som held fram å gjelde til det blir sagt opp skriftleg. Medlemet har sjølv ansvar for å melde inn avslutting av medlemskapet.

–Tapt medlemskort skal rapporterast til resepsjonen så snart tapet blir oppdaga.

–Personar under 18 år treng oppmøte frå føresette og signatur ved innmelding. Aldersgrense for treningsstudio er året ein fyller 15 årr.

–Av sikkerheitsmessige årsaker, skal barn ikkje opphalde seg i treningsstudio.

3. FRYSING AV MEDLEMSKAP

Som heilårsmedlem kan ein fryse medlemskapet sitt maksimalt 2 månader i kalenderåret (NB! Ein kan ikkje overdrage unytta månader inn i eit nytt kalenderår). Ved frysing av 1 mnd er dette gebyrfritt. Frysing utover dette kostar 125 kr for neste månad. Ein har kun høve til å fryse heile månader. Medlemmet har sjølv ansvar for å ta kontakt i resepsjon og melde inn fryseperioden ein ønskjer. Eit evt. gebyr for frysinga skal betalast direkte i resepsjon. Ved frysing skal Systrening AS ta seg av stopp av trekk frå vedkomande sin konto gjennom medlemssystemet. Det vil seie at medlemmet ikkje skal stoppe trekket sjølv i banken. Om dette skjer, vil ein få fakturakrav frå medlemsystemet pr. post.

Ved avbrot grunna: sjukdom, barselpermisjon, millitærteneste, flytting pga studiar/arbeid, kan ein fryse kostnadsfritt i den aktuelle perioden. Det er likevel krav om at ein legg fram dokumentasjon i desse høva.

4. BETINGELSAR FOR TRENINGSAVTALE

Treningsavgift, forutan kort- og nøkkelbrikkeavgift, skal betalast i resepsjonen ved innmelding. Ved innmelding av heilårsmedlemskap med AvtleGiro - ordning, skal 2 månader betalast i resepsjonen ved innmelding, i tillegg til innmeldingsavgift. Forskottert beløp vil ikkje bli trukke frå konto. Medlemmet betalar treningsavgifta uavhengig av treningsmengde. Systrening AS har rett til å indeksregulere prisane i samsvar med KPI kvart år utan å varsle på førehand. Ved andre prisendringar vil Systrening AS gi 1 månads varsel på epost/sms. Ved kontant forskotsbetalt medlemsskap gjeld vanlege medlemsbetingelsar.

5. OPPSEIING AV MEDLEMSAVTALE MED AVTALEGIRO-ORDNING

Oppseiingstida er ein -1- månad frå og med førstkomande månadsskifte etter at oppseiinga er motteken på senteret eller poststempla (Døme: ved innlevert og registrert oppseiing i løpet av november, opphøyrer medlemskapet 31. desember med siste avtalegirotrekk den 20.november). Senteret må sei opp avtalen på vegen av medlemet. Dvs. at medlemet ikkje må avslutte avtalegiro-avtalen sjølv, men gi beskjed til Systrening AS.

Oppseiinga skal skje skriftleg. Medlemskapet kan avsluttast før bindingstida er ute dersom medlemmet av dokumenterbare årsaker ikkje kan trene, eller på grunn av flytting.

6. OPPSIGELSE AV MEDLEMSAVTALEN

Systrening AS har rett til å seie opp medlemskontrakten dersom medlemmet gjer seg skuldig i å bryte Treningssenteret AS sine interne retningslinjer;

–Tjuveri frå senteret eller medlemmer

–Ved overdraging av medlemskap og nøkkelbrikke

–Sleppe personar som ikkje er medlemmar inn i treningslokala i nøkkelkorttider

–Ikkje har gyldig fullmakt frå føresette

–Pga. helsetilstanden kan ta skade av Systrening AS sitt tilbod

–På ulike vis opptrer i strid med Systrening AS sine interesser og føremål

–Opptrer respektlaust overfor andre medlemmer eller tilsette

–Ikkje respekterer trivselsreglar etter påtale ( anmodning ) frå dei tilsette

Ved manglende betaling av treningsavgift vil medlemmet bli utestengt frå senteret. Medlemskapet held fram til treningsavgifta er betalt. Først etter betaling av uteståande ( sum ) er det mogleg å seie opp avtalen etter pkt 5.

7. MEDLEMSKONTRAKT MED AVTALEGIRO-ORDNING

Dette er ei betalingsform der medlemmet pliktar å nytte seg av AvtaleGiro. Ei avtalt og månadleg treningsavgift bli belasta kontoen til medlemmet mellom 15. og 30. kvar månad. Månadleg treningsavgift vil gjelde til avtalen blir sagt opp skriftleg av medlemet. Dersom den månadlege treningsavgifta ikkje blir trukke frå medlemmet sin konto, vil Systrening AS sende krava vidare til inkassoselskap. Der vil det bli sendt ut 1. gongs purring med påløpande gebyr. Dersom tilsendt purring ikkje blir belasta innan forfall, blir denne overført til inkasso. Ved prisendring, skal medlemmet varslast ein -1- måned før prisendringa trer i kraft.

8. PERSONVÆRN

Medlemet samtykkjer til at data kan behandlast av tilsette ved Systrening AS og lagrast på senteret sitt datasystem. Dette inneber personalia, kontaktopplysningar, treningsprogram m.m.

9. Informasjon via e-post/SMS

Ved signering av denne avtalen samtykker medlemmet i at Systrening AS kan sende informasjon via e-post/sms.