Nøkkelkort

Med nøkkelkort kan ein få tilgang til Systrening sine lokaler utanom bemanna tider. Inngang er gjennom hoveddøra til Saften i 1.etg og vidare gjennom garderobeanlegget i 3.etg. Kortet skal førast mot kortlesar, deretter takast vekk før ein sler inn sin personlege kode (som ein sjølv oppgir ved innmelding). 

NB! NØKKELKORTET FØLGJER KVART ENKELT MEDLEMSKAP OG SKAL IKKJE LÅNAST VEKK TIL PERSONAR SOM IKKJE ER MEDLEMAR AV SYSTYRENING. DET ER HELLER IKKJE LOV Å SLEPPE INN PERSONAR SOM IKKJE HAR NØKKELKORT MED SEG.  DET VIL VERTE GJENNOMFØRT UANMELDTE KONTROLLAR I TRENINGSSTUDIO FOR Å SIKRE AT DETTE VERT OVERHOLDT. OM DET VERT OPPDAGA AT EIN IKKJE OVERHELD DETTE, VIL NØKKELKORTET VERTE INNDREGE OG I YTTERSTE KONSEKVENS FØRE TIL EI OPPHØYRING AV MEDLEMSKAPET.

Retningslinjer for bruk av nøkkelbrikke:

  • Overhald rutinar for bruk av nøkkelkort samt trivselsreglar. Om nokon ikkje føl desse rutinane, ver då vennleg å ta kontakt med dei tilsette.

  • Trene kun på kjent utstyr og øvingar (ta kontakt i bemanna tid for rettleiing).

  • Unngå å trene åleine mtp. illebefinnande, skade og sjukdom.

  • Gjer deg kjend med rømningsvegar og plassering av førstehjelpsutstyr.

  • Registrer deg med medlemskortet i resepsjon også i ubemanna tid.

Kva kostar nøkkelbrikka?

Prisen for nøkkelbrikke er 150 kr.