Me vil gjere medlemar som nyttar gruppetreningstilbodet merksame på at dei MÅ registrere seg SEINAST 10 min før timen startar. Om ein ikkje gjer dette vil plassen bli tildelt dei som står oppført på venteliste.

Med registrering meinast at ein lyt INNOM resepsjonen for å registere kort og hake seg av med penn på lista som ligg der. Om ikkje dette vert gjort vert det utfordringar i høve til dei som har ført seg opp på venteliste og me kan oppleve dobbeltbookingar. Me lyt då gå inn i salen og gjennomføre namneopprop. Dette er tidkrevjande og det vil då gå ut over lengda på timen og ikkje minst utbyttet til dei andre medlemane. Dersom det skulle oppdagast at nokon har gått direkte inn og ikkje registrert seg, vil vedkomande sin plass gå til den som evt. har ført seg opp på venteliste.

Når det gjeld venteliste so bookar ein også på same måte som vanleg. Her lyt ein følgje med om ein har fått plass under “Mine reservasjoner”.

Me vil også gjere folk merksame på at bookinga stenger 2 timar før timen startar. Etter dette lyt ein fysisk møte opp for å registrere seg i resepsjon om ein vil delta på timen.

NB! Gruppetimar med mindre enn 3 påmelte 2 timar før timen startar vert kansellert.