Frysing

Ein kan fryse medlemskapet sitt maksimalt 2 månader i kalendaråret. Ein kan ikkje overdra unytta månader inn i eit nytt kalendarår. Ved frysing av 1 mnd er dette gebyrfritt. Frysing utover dette kostar 125 kr pr månad. Ein har kun høve til å fryse heile månader. Medlemet har sjølv ansvar for å å ta kontakt i resepsjon og melde inn ønskja fryseperiode. Eit evt. gebyr for frysinga skal betalast direkte i resepsjon.

Ved frysing skal Systrening ta seg av stopp av trekk frå vedkomande sin konto gjennom medlemssystemet. Det vil seie at medlemet skal IKKJE STOPPE TREKKET SJØLV I BANKEN. Om dette skjer, vil ein motta fakturakrav frå medlemsystemet pr. post.

Ved avbrot grunna; sjukdom, barselpermisjon, millitærteneste, flytting pga studiar/arbeid, kan ein fryse kostnadsfritt i den aktuelle perioden. Det er likevel krav om at ein legg fram dokumentasjon i desse tilfella.

OBS! Trekket som går den 20. i månaden er forhandsbetaling for månaden som kjem. Ein må kome før den 1. i månaden om ein ynskjer å stoppe riktig trekk til riktig månad. Dette er på grunn av behandlingstid av trekket i banken. Det er ikkje tilbakeverkande kraft i høve til frysing. Dvs. at ein ikkje kan kome attende etter sommarferien og sei at ein ønskjer trekkfritt tilsvarande mnd ein ikkje nytta i ferien.