Sommartilbod 2025

Me nermar oss sommarferie. I samband med dette vil me ta ein pause frå gruppetimane i perioden 21.juni-17.august som me plar gjere på denne tida.

I høve til treningsenteret vil me denne sommaren ikkje ha bemanning i perioden 21.juni-3.august. Bakgrunnen for dette er kostnadssparing mot det nye lokalet som snart kjem og at ein må nytte større delar av sommaren for å få på plass alt i nytt lokale. Ein har uansett full tilgang til å trene med nøkkelkort og brikke kl.0630-22 kvar dag.

Opningstider:

Måndag-søndag kl.06.30-22 (kun nøkkelkorttilgang)

*Besøkande som ønskjer drop in trening kan vere med eller låne nøkkelbrikke/-kort av heilårsmedlemar for å trene i ubemanna tider i sommar mot at ein løyser medlemskap i forkant.

PRISAR (Gjeld i perioden 9.juni-9.august)

Drop in: 120 kr
1 veke: 350 kr*
1 mnd elev/stud og pensjonist: 475 kr*
1 mnd ordinær: 575 kr*
2 mnd elev/stud: 800 kr*
2 mnd ordinær: 1000 kr*

*Ein lyt kjøpe medlemskort på desse medlemskapa til 150 kr. Medlemskortet gir også tilgang til ubemanna tider.

Vippsnr: 591457


Neste
Neste

Info om nytt treningssenter