Info om nytt treningssenter

16.juli

Til info vert det innflytting på laurdag 19 og søndag 20.juli. Dette betyr at me må holde lokala stengt. Me håpar på forståelse for dette og so sjåast me i nye lokaler snart. Dei nye lokala opnar kl.12 på måndag 21.juli. Velkomen

I høve til adgang so vil det kome info om dette innan fredag. Me kjem til å gå over til mobil adgang, som vil seie at dykk lastar ned app og opnar og registerer dykk med denne.

13.juni

Hallo, her kjem meir info om det nye tilbodet.

Som tidlegare informert kjem me til å flytte inn i nye lokaler i løpet av juli. Me vil til å halde kontinuerlig drift fram til dagen for innflytting, kor me då lyt stenge tilbodet i 2 dagar for å få alt på plass. Dato for dette vil bli opplyst om i forkant. Etter dette er det berre å sette i gong å trene i nye omgjevnader!

Når det gjeld medlemskap, vil me tilby følgjande typar og prisar for NYE medlemar etter innflyttinga (sjå tabell under). Basismedlemskap - er det medlemskapet ein har i dag, med dei same tilboda som før. Plussmedlemskap - er eit nytt tilbod kor ein får retta til gratis eigentrening (ikkje gruppetimar) på andre senter i regionen. Prisen på plussmedlemskap er den same uavhengig om ein enten er nytt eller tidlegare medlem. Du står likevel fritt til å velje kva type medlemskap du ønskjer. Sjå bilete under for prisoversikt.

I høve til eksisterande medlemar kjem me for første gong, i løpet av 9.driftsår, til å gjennomføre ein prisjustering. Bakgrunnen for dette er hovudsakleg at me flyttar inn i nye lokaler med ei høgare husleige, men også at me har gjort større investeringar i utstyr over lengre tid. Derfor vil alle medlemskap auke med 50 kr pr mnd frå og med betalinga for oktober i år. I og med at ein vert forskotstrekt vil dette trekket skje 20.september. Formelt vil kvar enkelt få beskjed om dette på sms 1 mnd før me gjer justeringa. Me håpar på forståing for dette og at dykk vil sette pris på eit mykje betre treningstilbod i Saften. Eksisterande medlemar vil gå direkte inn på basismedlemskap. Om nokon ønskjer plussmedlemskap må dykk ta kontakt for å endre dette.

Andre ting:

- Sidan me no har vorte medlem av ei kjede kjem Systrening til å skifte namn til Spenst Leikanger. Dette har ingen stor praktisk betydning sidan me fortsatt kjem til å eige oss sjølv, og bestemme betingelsar for dykk medlemar. Likevel er dette ein fordel både for senteret sjølv i høve til bl.a. innkjøpsavtalar, men også for dykk medlemar med eit utvida tilbod på t.d. medlemskap.

-Tilbodet som eksisterer i dag vil forsette som før når me startar i nye lokaler, med både bemanna- og ubemanna tider og gruppetimar. Når det gjeld lokale for gruppetimar vil dette fortsette i Leikangerhallen.

-Dag-André kjem til å gå over i ny jobb på Leikanger Frivilligsentral vegg i vegg med det nye treningssenteret. Han vil fortsatt stå som eigar og dagleg leiar for bedrifta. Som erstattar har han tilsett Christoffer Wage Irgens, som senteransvarleg. Han vil overta alle dei tidlegare driftsoppgåvene for underteikna f.o.m. 4.august.

-Me kjem i løpet av juni til å gå over til eit nytt medlemssystem. Meir info om dette vil kome når det er på plass. Eksisterande medlemar vil automatisk verte overført til det nye systemet, so ein treng ikkje å føreta seg noko sjølv.

8.juni

Me kan no informere om at me har tilsett senteransvarleg som skal skal gå inn som vikar for Dag-André f.o.m. 4.august, sidan sistnemde har starta i ny jobb ved Leikanger Frivilligsentral. Vedkomande heiter Christoffer Wange Irgens.

Her er ein kort presentasjon av Christoffer som han har laga sjølv.

Hei!

Eg heiter Christoffer Wange Irgens, og gler meg til å bli ein del av Systrening. Eg har ein bachelorgrad i idrett og kroppsøving, og ein master i idrettsvitenskap - begge frå Høgskulen på Vestlandet. I tillegg er eg utdanna personleg trenar, og har erfaring både som PT og gruppetreningsinstruktør.

Eg er spesielt glad i uthaldstrening, men prøver og å halde styrketreningen ved like. Trening og fysisk aktivitet er noko eg verkeleg brenn for, og eg ser fram til å bidra med både kunnskap og engasjement i den nye jobben.

Me vil ønskje Christoffer hjartleg velkomen til oss!


29.mai

Det er no avklart at me flyttar inn i nye lokaler i løpet av juli. Ellers vil me kome med meir info om det nye tilbodet etter kvart som ting vert avklart. Følg med

5.mai.

I tillegg til å få nytt lokale i Saften kan me også opplyse om at Systrening kjem til å bli medlem i Spenst. Bakgrunnen for dette er å få ytterligare kvalitet på senteret og at du som medlem skal få eit betre tilbod.

Meir info om dette kjem etter kvart.

Forrige
Forrige

Sommartilbod 2025

Neste
Neste

Palmeveka og påske 2025