Sommartilbod 2025
Her finn du info om tilbodet på senteret i sommarferien.
Me nermar oss sommarferie. I samband med dette vil me ta ein pause frå gruppetimane i perioden 21.juni-17.august som me plar gjere på denne tida.
I høve til treningsenteret vil me denne sommaren ikkje ha bemanning i perioden 21.juni-3.august. Bakgrunnen for dette er kostnadssparing mot det nye lokalet som snart kjem og at ein må nytte større delar av sommaren for å få på plass alt i nytt lokale. Ein har uansett full tilgang til å trene med nøkkelkort og brikke kl.0630-22 kvar dag.
Opningstider:
Måndag-søndag kl.06.30-22 (kun nøkkelkorttilgang)
*Besøkande som ønskjer drop in trening kan vere med eller låne nøkkelbrikke/-kort av heilårsmedlemar for å trene i ubemanna tider i sommar mot at ein løyser medlemskap i forkant.
PRISAR (Gjeld i perioden 9.juni-9.august)
Drop in: 120 kr
1 veke: 350 kr*
1 mnd elev/stud og pensjonist: 475 kr*
1 mnd ordinær: 575 kr*
2 mnd elev/stud: 800 kr*
2 mnd ordinær: 1000 kr*
*Ein lyt kjøpe medlemskort på desse medlemskapa til 150 kr. Medlemskortet gir også tilgang til ubemanna tider.
Vippsnr: 591457
Info om nytt treningssenter
Her finn du løpande info om nytt treningssenter.
13.juni
Hallo, her kjem meir info om det nye tilbodet.
Som tidlegare informert kjem me til å flytte inn i nye lokaler i løpet av juli. Me vil til å halde kontinuerlig drift fram til dagen for innflytting, kor me då lyt stenge tilbodet i 2 dagar for å få alt på plass. Dato for dette vil bli opplyst om i forkant. Etter dette er det berre å sette i gong å trene i nye omgjevnader!
Når det gjeld medlemskap, vil me tilby følgjande typar og prisar for NYE medlemar etter innflyttinga (sjå tabell under). Basismedlemskap - er det medlemskapet ein har i dag, med dei same tilboda som før. Plussmedlemskap - er eit nytt tilbod kor ein får retta til gratis eigentrening (ikkje gruppetimar) på andre senter i regionen. Prisen på plussmedlemskap er den same uavhengig om ein enten er nytt eller tidlegare medlem. Du står likevel fritt til å velje kva type medlemskap du ønskjer. Sjå bilete under for prisoversikt.
I høve til eksisterande medlemar kjem me for første gong, i løpet av 9.driftsår, til å gjennomføre ein prisjustering. Bakgrunnen for dette er hovudsakleg at me flyttar inn i nye lokaler med ei høgare husleige, men også at me har gjort større investeringar i utstyr over lengre tid. Derfor vil alle medlemskap auke med 50 kr pr mnd frå og med betalinga for oktober i år. I og med at ein vert forskotstrekt vil dette trekket skje 20.september. Formelt vil kvar enkelt få beskjed om dette på sms 1 mnd før me gjer justeringa. Me håpar på forståing for dette og at dykk vil sette pris på eit mykje betre treningstilbod i Saften. Eksisterande medlemar vil gå direkte inn på basismedlemskap. Om nokon ønskjer plussmedlemskap må dykk ta kontakt for å endre dette.
Andre ting:
- Sidan me no har vorte medlem av ei kjede kjem Systrening til å skifte namn til Spenst Leikanger. Dette har ingen stor praktisk betydning sidan me fortsatt kjem til å eige oss sjølv, og bestemme betingelsar for dykk medlemar. Likevel er dette ein fordel både for senteret sjølv i høve til bl.a. innkjøpsavtalar, men også for dykk medlemar med eit utvida tilbod på t.d. medlemskap.
-Tilbodet som eksisterer i dag vil forsette som før når me startar i nye lokaler, med både bemanna- og ubemanna tider og gruppetimar. Når det gjeld lokale for gruppetimar vil dette fortsette i Leikangerhallen.
-Dag-André kjem til å gå over i ny jobb på Leikanger Frivilligsentral vegg i vegg med det nye treningssenteret. Han vil fortsatt stå som eigar og dagleg leiar for bedrifta. Som erstattar har han tilsett Christoffer Wage Irgens, som senteransvarleg. Han vil overta alle dei tidlegare driftsoppgåvene for underteikna f.o.m. 4.august.
-Me kjem i løpet av juni til å gå over til eit nytt medlemssystem. Meir info om dette vil kome når det er på plass. Eksisterande medlemar vil automatisk verte overført til det nye systemet, so ein treng ikkje å føreta seg noko sjølv.
8.juni
Me kan no informere om at me har tilsett senteransvarleg som skal skal gå inn som vikar for Dag-André f.o.m. 4.august, sidan sistnemde har starta i ny jobb ved Leikanger Frivilligsentral. Vedkomande heiter Christoffer Wange Irgens.
Her er ein kort presentasjon av Christoffer som han har laga sjølv.
Hei!
Eg heiter Christoffer Wange Irgens, og gler meg til å bli ein del av Systrening. Eg har ein bachelorgrad i idrett og kroppsøving, og ein master i idrettsvitenskap - begge frå Høgskulen på Vestlandet. I tillegg er eg utdanna personleg trenar, og har erfaring både som PT og gruppetreningsinstruktør.
Eg er spesielt glad i uthaldstrening, men prøver og å halde styrketreningen ved like. Trening og fysisk aktivitet er noko eg verkeleg brenn for, og eg ser fram til å bidra med både kunnskap og engasjement i den nye jobben.
Me vil ønskje Christoffer hjartleg velkomen til oss!
29.mai
Det er no avklart at me flyttar inn i nye lokaler i løpet av juli. Ellers vil me kome med meir info om det nye tilbodet etter kvart som ting vert avklart. Følg med
5.mai.
I tillegg til å få nytt lokale i Saften kan me også opplyse om at Systrening kjem til å bli medlem i Spenst. Bakgrunnen for dette er å få ytterligare kvalitet på senteret og at du som medlem skal få eit betre tilbod.
Meir info om dette kjem etter kvart.
Palmeveka og påske 2025
Sjå tilbodet vårt i denne perioden.
I samband med arrangementet til Mannskorrevyen må dessverre gruppetimane i hallen avlysast i perioden 9-15.april.
I påsken har me følgjande opningstider på senteret:
17.april-21.april: kl. 0630-22 (kun nøkkelkort)
Det vert ingen gruppetimar i denne perioden.
Nytt treningssenter
Sjå korleis det nye treningssenteret vert!
Bygginga av nytt treningssenter går fort. Siste oppdatering i høve til ferdigstilling er i løpet av mai. Me vil her legge ut ei konseptskisse over det nye senteret, slik at du veit meir kva du har i vente. Det vil verte bestilt inn nytt utstyr slik at du får meir å "leike" deg med. Me får også ein eigen inngang frå parkeringsplassen bak Saften i tillegg til ein inngang inne i sjølve bygget. Garderobar for omkledning og toalett skal også på plass. Gruppetimar vil fortsette som før i hallen.
Me gler oss!
Timeplan etter nyttår
Her er oversikta over gruppetimar etter nyttår.
Hei.
Her kjem oversikta over gruppetimane f.o.m. 2.januar.
Måndag:
Yt meir m/Dag-André kl.11
Stram opp i rullering med Aerobic m/Marianne kl.18
Tysdag:
Puls/styrke m/Hanne i rullering med Basistrening m/Marte kl.18
Onsdag:
Styrke/kondisjon m/Dag-André kl.11
Sirkeltrening m/Ida kl.18
Torsdag:
Yoga m/Aase kl.1830
Fredag:
Seniortrening m/Dag-André kl.11
Styrke/intervall m/Heidi i rullering med Styrke m/Marte kl.18
Juleprogram
Her finn du oversikt over tilbodet vårt i jula.
TRENINGSSTUDIO
23.des: kl.0630-22 (nøkkelbrikke) og bemanna kl.9-11
24.des: kl.0630-15 (kun nøkkelbrikke)
25.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
26.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
27.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
28.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
29.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
30.des: kl.0630-22 (nøkkelbrikke) og bemanna kl.9-11
31.des: kl.0630-18 (kun nøkkelbrikke)
1.jan: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
GRUPPETIMAR
27.des: Bootcamp m/Trine Trishovd kl.18*
30.des: Tabata m/Trine Rishovd kl.18*
*Medlemar kan ta med seg gjester gratis på drop in.
PRISAR TRENING I STUDIO (perioden 5.des-1.jan)
Drop in: 120 kr
1 veke: 300 kr (må i tillegg kjøpe medlemskort til 150 kr om ein ikkje har dette)
2 veker: 500 kr (må i tillegg kjøpe medlemskort til 150 kr om ein ikkje har dette)
Medlemar kan ha med gjester på trening i ubemanna tider, mot at ein betalar FØR EIN TRENAR. Vipps til Systrening på #591457. Det vil verte gjennomført kontrollar i ubemanna tider.
Bruks-/trivselsreglar
Oppdater deg på våre bruks-/trivselsreglar før du trenar hjå oss.
For at den enkelte skal finne seg til rette på senteret og trivast og dessutan ivareta hygeniske forhold, ber me medlemar om å ta følgjande hensyn:
Det er forbode å ta med eller sleppe inn personar som ikkje har medlemskap når det er ubemanna tider på senteret. Nøkkelkortet er personleg og skal heller ikkje lånast vekk til andre. Ei brot på desse reglane fører til ei opphøyring av medlemskapet og dessutan eit gebyr på 500 kr. Innbetalt medlemsavgift vert ikkje refundert.
Ver ei "hjelpande hand" for senter i høve til "sniktrening" frå folk som ikkje har medlemskap eller er gamle nok (ta kontakt med dei tilsette om ein oppdagar dette). Personar som snik vert ilagt eit gebyr på 1000 kr.
Tørk av apparata etter ein har nytta desse med desinfeksjonsmiddel (du finn dette på sprayflasker plassert ved vaskane i treningsstudio) og papir
Unngå å slenge vekter i golvet for å redusere unødvendig støy
Nytt innesko
Medlemmet skal trene i klede som hovedsakelig dekkar mage, rygg, brystparti og opp til harmhole. Systrening kan seie i frå om ein ikkje er anstendig kledd.
Unngå unødvendig mobilbruk som å stå å snakke i telefon i lokala og dessutan ikkje ta bilete av seg sjølv og andre
Unngå å "okkupere" apparata over ein lengre periode, då det er fleire som vil nytte desse. Ha heller ein dialog med dei andre kundane om at dei kan få nytte apparatet i pausane dine
Det er lov å løfte tungt og ta i, men ein treng ikkje å informere andre medlemar om dette i form av skrik og skrål
Registrer deg på kortlesar i resepsjon sjølv om studio ikkje er bemanna. Dette for å unngå utfordringar i høve til ein eventuell medlemskontroll
Musikkanlegget skal ikkje rørast i ubemanna tid
Online innmelding
No kan du melde deg direkte inn på nett hjå oss.
Me har no fått online innmelding. Dette betyr at du ikkje treng å møte opp i resepsjon for å melde deg inn men kan gjere dette på nett i staden. Nytt boksen “Online innmelding” på heimesida.
NB! Me tek kontakt snarleg etter innmeldinga for å avklare kva kode du ønskjer på nøkkelkortet og dessutan om du evt. treng veiledning. Medlemskortet vert deretter utlevert i postkassen vår som heng i gangen ved inngangen til Saften. Om du teknar avtalegiromedlemskap med fast trekk kvar månad so må du hugse å opprette dette. Oppretting av avtalegiro finn du attemed “Innmelding” i same portal.
Oppstartsprogram
Her er programmet f.o.m. 12.august.
Hei.
Håpar alle har hatt ein fin sommar. Me set i gong med vanlege opningstider f.o.m. måndag 12.august. Desse er:
Måndag: kl.0630-22/Bemanna kl.9-11 & 17-19
Tysdag: kl.0630-22
Onsdag: kl.0630-22/Bemanna kl.9-11 & 16-18
Torsdag: kl.0630-22
Fredag: kl. 0630-22/Bemanna kl.9-11 & 16-18
Oppstartsprogram gruppetimar vert:
Måndag:
Yt meir m/Dag-A kl.11
Stram opp i rullering med Aerobic m/Marianne kl.18
Onsdag:
Styrke/kondisjon m/Dag-A kl.11
Tabata m/Ida i rullering med Basistrening m/Sanne kl.18
Torsdag:
Yoga m/Aase kl.16 (NB! i Leikangerhallen)
Fredag:
Seniortime m/Dag A kl.11
Sommarprogram 2024
Her er ein oversikt over programmet vårt i perioden 17.juni-11.ausust.
Sommarprogram (10.juni-11.august)
Opningstider:
Måndag-søndag kl.06.30-22*
*Besøkande som ønskjer drop in trening kan vere med eller låne nøkklebrikke av heilårsmedlemar for å trene i ubemanna tider i sommar mot at ein løyser medlemskap i forkant.
Bemanna tider:
Måndag og fredag kl.9-11
Onsdag kl.16-18
PRISAR (Gjeld i perioden 17.juni-11.august)
Drop in: 120 kr
1 veke: 350 kr*
1 mnd elev/stud og pensjonist: 475 kr*
1 mnd ordinær: 575 kr*
2 mnd elev/stud: 800 kr*
2 mnd ordinær: 1000 kr*
*Ein lyt kjøpe medlemskort på desse medlemskapa til 150 kr. Medlemskortet gir også tilgang til ubemanna tider.
Vippsnr: 591457
GRUPPETRENING
Det vert ingen gruppetimar i perioden 17.juni-11.august.
Reglar for frysing av medlemskap
I samband med ferie tilbyr me at ein kan stoppe trekket når ein er vekke.
Frysing
Medlemet har sjølv ansvar for å å ta kontakt i resepsjon eller på mail og melde inn ønskja fryseperiode. Ein kan fryse/stoppe medlemskapet sitt maksimalt 2 månader i kalendaråret. Ein kan ikkje overdra unytta månader inn i eit nytt kalendarår. Ved frysing av 1 mnd er dette gebyrfritt. Frysing utover dette kostar 125 kr pr månad. Ein har kun høve til å fryse heile månader. Eit evt. gebyr for frysinga skal betalast direkte i resepsjon eller med vipps, sidan ein ikkje kan trekke beløpet direkte frå konto.
Ved frysing skal Systrening ta seg av stopp av trekk frå vedkomande sin konto gjennom medlemssystemet. Det vil seie at medlemet skal IKKJE STOPPE TREKKET SJØLV I BANKEN. Om dette skjer, vil ein motta fakturakrav frå medlemsystemet pr. post.
Medlemar som har medlemskap som er forskotsbetalt kontant for 1.år, kan også fryse. I dette tilfellet forlengar me berre medlemskapet med tilsvarande månader som ein frys.
Når ein frys medlemskapet kan ein ikkje nytte tilbodet vårt i den aktuelle perioden.
Ved avbrot grunna; sjukdom, barselpermisjon, millitærteneste, flytting pga studiar/arbeid, kan ein fryse kostnadsfritt i den aktuelle perioden. Det er likevel krav om at ein legg fram dokumentasjon i desse tilfella.
OBS! Trekket som går den 20. i månaden er forhandsbetaling for månaden som kjem. Ein må kome før den 1. i månaden om ein ynskjer å stoppe riktig trekk til riktig månad. Dette er på grunn av behandlingstid av trekket i banken. Det er ikkje tilbakeverkande kraft i høve til frysing. Dvs. at ein ikkje kan kome attende etter sommarferien og sei at ein ønskjer trekkfritt tilsvarande mnd ein ikkje nytta i ferien.
17.mai og pinse
Det vert endringar i tilbodet desse dagane i mai.
Treningsstudio vil vere ope frå kl.16 på 17.mai. Før dette er det arrangement i hallen som gjer at me må halde stengt.
Ellers vert det ikkje gruppetimar 17. og 20.mai sidan dette er raude dagar.
Sluttar med bindingstid
Me tek vekk bindingstid på alle våre medlemskap.
Me fjernar no bindingstida på medlemskapa våre. I tillegg kan ein no nytte ubemanna tider med alle medlemsskapstypar bortsett i frå drop-in.
Les meir om prisar og betingelsar i linken under.
https://www.systrening.no/medlemskap-og-prisar
Påsken 2024
Det vert endringar i tilbodet vårt i samband med påske.
I perioden 20-26.mars vil det verte endringar på tilbodet i treningsstudio pga. Mannskorrevyen. For å unngå støy under arrangementet lyt ein stenge av frivektsavdelinga frå kl.17 desse dagane. Me vil likevel lage løysingar for frivektstrening i den delen av lokalet som er tilgjengeleg.
Opningstider for treningsstudio i påska 28.mars-1.april er kl.0630-22. Det vil ikkje vere bemanning desse dagane. Det vert heller ikkje gjennomført gruppetimar i denne perioden.
Avlysing timar i mars, april og mai
Pga. arrangement i hallen og raude dagar vil gruppetimar gå ut på følgjande datoar i mars, april og mai.
Pga. arrangement i hallen og raude dagar vil gruppetimar gå ut på følgjande datoar i mars, april og mai.
20-26.mars (Mannskorrevy)
28.mars-1.april (Påske)
1.mai
9.mai
17.mai
20.ma
Timeplan etter nyttår
Her er timeplanen som gjeld f.o.m. 2.januar.
Her kjem timeplanen for gruppetimar som gjeld frå januar. Oppstart er tysdag 2.januar.
Måndagar:
Yt meir m/Dag Andre kl.11
Aerobic i rullering med Stram opp m/Marianne kl.18
Tysdagar:
Puls i rullering med Styrke m/Hanne kl.18
Onsdagar:
Styrke/kondisjon m/Dag Andre kl.11
Basistrening kl.18 m/Sanne
Torsdagar:
Yoga m/Aase kl.1830 (NB! på Knausen)
Fredagar:
Seniortrening m/Dag-Andre kl.11
Styrke/intervall m/Heidi i rullering med Sirkeltrening m/Ida kl.18
Sykkeltimane går dessverre ut. Årsaka er mangel på plass etter omdisponering av sykkelsal til kondisjonssal.
Juleprogram
Her finn du oversikta over tilbodet vårt for jula.
TRENINGSSTUDIO (vanlege opningstider t.o.m. fredag 22.desember og f.o.m. tysdag 2.januar)
23.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
24.des: kl.0630-15 (kun nøkkelbrikke)
25.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
26.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
27.des: kl.0630-22 (bemanna kl.12-14)
28.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
29.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
30.des: kl.0630-22 (kun nøkkelbrikke)
31.des: kl.0630-18 (kun nøkkelbrikke)
1.jan: kl.06-30-22 (kun nøkkelbrikke)
GRUPPETIMAR
27.des: Styrke m/Trine Trishovd kl.18*
28.des: Sykkel 45 min/Trine Rishovd kl.18*
*Medlemar kan ta med seg gjester gratis på drop in.
Prisar treningsstudio (f.o.m. 13.des)
Drop in: 120 kr
1 veke: 300 kr (må i tillegg kjøpe medlemskort til 120 kr om ein ikkje har dette)
Medlemar kan ha med gjester på trening i ubemanna tider, mot at ein betalar før ein trenar. Vipps til Systrening på #591457.
Endring av tilbod
I desember/januar vil det skje endringar av tilbodet på Systrening.
Kjære medlem.
Me informere deg om at me i løpet av desember/januar, vil gjere endringar i tilbodet vårt, der me vil føreta ei omdisponering av bruken i lokala våre. Dette betyr at me kjem til å flytte alt av kondisjonsutstyr (møller, ergometersyklar, roapparat og elipsemaskiner) inn i spinningsalen og endre namnet til «Kondisjonssal». Bakgrunnen for dette er følgjande:
Me treng meir plass på grunn av ein stadig aukande medlemsmasse
Gjere det muleg å kjøpe inn meir utstyr for å betre tilgangen på øvingar
Redusere støy
Betre ventilasjon og temperatur
Enklare og ivareta smittehensyn og eventuelle smittevernsreglar sida ein fordeler medlemsmassen på eit større areal
Enklare omorganisering av treningsstudio ved arrangementversemd i hallen
Eit meir tilpassa spinningtilbod ut i frå dagens bruk (spinningtilbodet vil fortsette men med færre plassar).
Når det gjeld tilkomst til «Kondisjonssalen» ønskjer me å gjere dette so praktisk som mogeleg, slik at det ikkje skal by på unødvendig belastning for medlemma. Det vil bli lagt opp til følgjande løysing:
Ein kan registrere seg i resepsjon etter ein har vore i salen om denne aktiviteten vert gjort først i treninga som t.d. oppvarming.
Det vil bli sett opp skohylle og stolar i rommet slik at ein kan bytte sko der og henge frå seg tøy om ein ikkje vil innom garderobeanlegget først.
Salen vil stå open uten krav til nøkkelbrikke kl.0630-15 alle dagar og dessutan i bemanna tider på kveld, dette for å redusere bruk av nøkkelbrikke. Utanom desse tidene nyttar ein nøkkelbrikke på same måte som i treningsstudio for å kome inn.
Endringa vil ikkje medføre stenging av studio, då dette kan organiserast mens det er aktivitet i studio.
Ta kontakt om du har spørsmål på mob: 90613795 eller mail: systrening@outlook.com.
Mvh
Dag-Andre Mo
Dagleg leiar Systrening AS
Timeplan etter haustferien
Her er den nye timeplanen f.o.m. veke 42.
Etter haustferien kjem det ny timeplan. Frå og med veke 42 vil me tilby følgjande timar.
Måndag:
Yt meir m/Dag-Andre kl.11
Stram opp i rullering med Aerobic m/Marianne kl.18
Tysdag:
Puls i rullering med Styrke m/Hanne kl.18
Sykkel 60 min m/Inger kl.1915
Onsdag:
Styrke/kondisjon m/Dag Andre kl.11
Basistrening m/rullering av fysioterapeutar og Sanne Stadheim kl.16
Torsdag:
Yoga m/Aase kl.18
Sykkel 45 min m/Aase kl.1915
Fredag:
Seniortrening m/Dag-Andre kl.11
Sirkeltrening m/Ida i rullering med Styrke/intervall m/Heidi kl.17 (NB! Startar opp veke 41. Tidspunktet på timen vert endra til kl.18 når fotballtreningar startar opp i Saften. Dette vert gitt beskjed om).
Stenging på grunn av valget
Me lyt halde stengt 10. og 11.september pga valget.
På grunn av valget vert treningsstudio også stengt søndag 10.september etter kl.18 i tillegg til heile måndag 11.september. Det vert heller ingen gruppetimar på måndag.